Hildre Montessoriskule

Barnet i sentrum Hildre Montessoriskule

På Hildre får kvart barn rom til å vekse i sitt eige tempo. Me trur på nysgjerrigheit, sjølvstende og gleda ved å lære.

Søk skuleplass
Barn i læring

Kvifor velje Hildre?

01

Gratis prøveperiode

Prøv skulen utan forplikting. La barnet ditt oppleve montessoripedagogikken før de bestemmer dykk.

02

Gratis lunsj og frukt

Kvar dag får elevane sunn mat – utan ekstra kostnad for føresette.

03

Høg vaksentettleik

Med 20 tilsette på 67 elevar har kvart barn vaksne som ser og støttar dei.

04

Godkjent læreplan

Utdanningsdirektoratet har godkjent læreplanen vår. Kvalitet du kan stole på.

05

Unik i regionen

Einaste montessoriskule i Ålesund og på Sunnmøre.

06

Trygt nærmiljø

Ligg vakkert til på Hildre, med naturen som nærmaste nabo.

Sjå korleis me har det

Kvardagen på Hildre

Klar for Hildre?

Ta det første steget mot ein skulekvardag der barnet ditt får blomstre. Søknaden er enkel.

Søk skuleplass Søk SFO-plass